Til startsida Odda Rutebuss AS

 

 







 

 Historia frå 1924
 til 1979
 

 Historia frå 1980
 

 Historia om godsbil

 

Sist endra:
02.03.09


Historie frå 1980 -

Frå 1980 vart selskapet omdanna frå andels (ansvarleg) selskap til aksjeselskap. Frå same året fekk Odda Rutebuss AS stønad til rutedrifta frå staten. Grunnen til at selskapet kom inn under tilskotsordninga, var at ruteområdet også skulle omfatta Freim, Ragde og Tokheim.
Prøvedrifta i desse områda viste underskot, men vart krevd oppstarta på nytt.
Selskapet hadde på denne tida svært kummerlege forhold. Vask og smøring av bilane hadde tidlegare vore utført ved den gamle Shell - stasjonen, AL Ruteauto. Odda Rutebuss var medeigar og stod for drifta av denne stasjonen som var plassert der parkeringsplassen mellom banken og kyrkja er idag. Dekkarbeid og småreparasjonar vart utført ved ein gamal garasje selskapet eigde ved meieriet på Ragde. Alt dette føregjekk ute under open himmel under alle vertilhøve.
Sjåførane hadde opphaldsrom i Pakkesentralen. Her var også venterom for dei reisande og kiosk. Kontoret hadde vi i gamle Rådhuset fram til dette vart rive. Deretter flytta kontoret til Godsterminalen på Almerket, og sidan til DnC bygget.
Så brann Pakkesentralen ned, Shellstasjonen med smørebukk og vaskeplass vart riven, og selskapet stod heilt utan tilhaldstad.

Frå våren 1980 vart det inngått leigeavtale med HSD Bilane om leige av garasjeplass i deira bygg på Ragde. Avtalen omfatta også leige av vaske og smørehall samt reparasjon av bilane.
Etter lange og tunge tingingar med Odda Kommune fekk selskapet endeleg lovnad om tomt på Ragdesletta i 1982. Bygginga tok til i august 1982 og vi tok bygget i bruk i januar 1983. Det var ein stor lette å få samla drifta på ein stad. Huset inneheld kontor, garderobe, opphaldsrom, verkstad og vaskeplass. Tomta vart dei fyrste åra leigd av Odda Kommune. I 1991 fekk selskapet kjøpa området. I 1994 kjøpte selskapet også tilleggsareal mot sør slik at vi fekk betre uteplass og parkering på eigande grunn.

Passasjertalet i ordinære ruter gjekk framleis ned utover i 80- åra. Arbeidsrutene til DNN Aluminium vart innstilt i september 1982 p.g.a. produksjonstans. Denne transporten hadde ORB då utført frå 1.januar 1966 då Magnus Opedal som hadde stått for denne transporten, slutta av på grunn av alder. Dette var ein betydeleg inntektspost for Odda Rutebuss. Kostnadssparing ved Norzink AS gjorde at det også spøkte for arbeidsrutene til denne bedrifta. Kontraktskøyringa for Norzink AS vart avslutta 31.mars 1988. Denne arbeids- køyringa hadde selskapet frå 1.januar 1977 då "ms Lindenes" slutta av. 
Frå 1.januar 1987 til og med 31.desember 1988, køyrde vi også arbeidsruter for KS Ilmenittsmelteverket AS i Tyssedal.
Tap av desse to kontraktane medførte eit dramatisk inntektsfråfall for Odda Rutebuss AS. For å møta dette og prøva å oppretthalda arbeidsplassane måtte selskapet sjå etter nye oppgåver.

I 1986 vart Renovasjonstransport AS stifta. Dette selskapet dreiv innhenting og transport av avfall frå butikkar og bedrifter i kommunen. Dette vart drive med spesialbilar og i samarbeid med Lastebilkontoret. I tillegg dreiv selskapet og vanleg lastebiltransport. Renovasjons- 
transport AS hadde i fleire år ansvaret for turistavfallet for Statens Vegvesen. Utleige av avfallscontainarar, tømming av desse og transport av avfallet frå Haukeli i sør til Hardanger-
vidda i nord. Renovasjonsverksemda vart avslutta i desember 1989. Odda Kommune ville då overta denne butikken og det var uråd for Renovasjonstransport AS å halda fram. Selskapet satsa då vidare på lastebiltransport og dreiv dette fram til juni 1998.
Odda Rutebuss AS starta med bilutleige i 1986. Tilbodet var 2 personbilar og ein minibuss. Seinare kom også varebil med i tilbodet.

1.juli 1987 starta ORB med godstransport for Linjegods AS. Selskapet køyrer dagleg godsrute frå Haugesund til Odda og vidare utover fjorden til Kinsarvik. Til Utne og Eidfjord køyrer vi annankvar dag.

Odda Rutebuss AS fekk i 1991 tilbod om å delta i ei ny ekspressbussrute som skulle gå mellom Bergen og Oslo. Dette var ei kombinert gods og personrute. Initiativtakar Åsane Billag AS i Bergen, fekk med seg Haukedal Transport AS i Bergen, Bærum Forenede Bilruter i Oslo og Odda Rutebuss AS og starta 17.juni 1991 Kombinertekspress AS. Selskapet hadde 2 bussar og hovudkontor i Bergen. Sjåførane som vart tilsette i selskapet var frå vårt distrikt og ORB skulle halda avløysarar. Det høvde godt med sjåførbyte i Odda på grunn av lov om køyre og kviletid. Ruta vart diverre ingen suksess og vart nedlagt alt 1.november same året.

I 1991 kjøpte ORB seg inn i Sør Vest Reiser AS. Dette er eit turoperatørselskap som produserer bussreiser, selskapet har kontor i Stavanger. Eigarane er ni ruteselskap, åtte i Rogaland og Odda Rutebuss AS i Hordaland. Sør Vest Reiser AS leiger bussmateriell av eigarane. Selskapet har vorte ein betydeleg aktør i denne marknaden og turane går over heile Europa. Dette samarbeidet fører til at ORB kan delta for fullt i denne marknaden, og være konkurransedyktig på dei fleste oppdrag. Sør Vest Reiser AS skreddarsyr også gruppeturar etter kundene sine ynskjer. Tur og ekstrakøyring har dei seinare år utvikla seg til å verta ein viktig attåtnæring for Odda Rutebuss AS. Under OL på Lillehammer i 1994 var det fleire bussar og sjåførar frå Odda Rutebuss AS som frakta sponsorar og tilskodarar til og frå arrangementa.

Frå mars 1992 overtok Odda Rutebuss AS distribusjon av diesel, parafin og fyringsolje for Statoil Norge AS. Dette heldt fram ut år 2002. Frå 1. Januar 2003 er Odda Rutebuss AS distributør for Hydro Texaco i vårt distrikt.

 

Odda Rutebuss AS hadde i slutten av 90 åra og utover på 2000 talet rundt  18 tilsette, 11 bussar, 5 lastebilar og 2 leigebilar.  Totalt rullar bilane rundt 470.000 kilometer i året. Odda Rutebuss er eit av dei få små private ruteselskapa som framleis eksisterer. Selskapet er eigd av Odda-familiar og har 14 aksjeeigarar. ORB var 84 år i 2008, som var siste året med ordnær rutedrift.

Rutebilnæringa har i ei årrekke vore utsett for samanslåingar og oppkjøp, slik at det for det meste er store selskap som driv kollektivtrafikken idag. Desse store selskapa går så saman i ulike samarbeidseiningar for å møta aukande konkurranse, og stadig knappare rammer frå myndigheitene. I 1996 inngjekk ruteselskapa i Hordaland ein fire årig effektiviseringsavtale med fylkeskommunen. Denne avtalen skal redusera Hordaland Fylkeskommune sine utgifter til kjøp av transporttenester i avtaleperioden med 60 millionar kroner. Avtalen skal ikkje medføre dårlegare kollektivtilbod for brukarane. Dette medfører store utfordringar for næringa som stadig får knappare marginer å arbeida under.

Hordaland er eit av dei store buss-fylka i landet. Tett opp mot 1000 bussar og vel 2000 tilsette er knytt til bussdrifta. For få år sidan var dette fordelt på 11 ruteselskap.

15.mai 2007 vedtok Fylkestinget å leggja kollektivtrafikken i fylket ut på anbod. Rutepakkane som vart lyst ut var store og omfattande og det var uråd for små selskap, som ORB å delta i denne konkurransen.

Frå august 2008 er Odda Rutebuss AS eit turbilselskap som i tillegg driv utleige av minibuss og varebil, salg av oljeprodukter for YX-Energi AS

og utleige av lokaler.

Styreformenn:  1954 - 1959  Th. Simonsen
1969 - 1971 Gilbert Winterthun
1972 - 1975 Klara Andersen
1976 - 1978 Th. Simonsen jr.
1979 - 1982 Sigurd Ystanes
1983 - 1989 Nils Mannsåker
1990 - Ottar Christensen
Dagleg leiar: 1948 - 1979 Sigurd Ystanes
1979 - Per Ystanes

 

 

[ Historia frå 1924 til 1979 ] - [ Hovudside for Historie ]

 

 


Desse sidene er beskytta av lov om opphavsrett

Odda Rutebuss AS
Postboks 34
N-5751 ODDA
Telefon:
 Telefaks:
E-post:
(+47)  53 64 18 65
(+47)  53 64 23 91
post@odda-rutebuss.no