Til startsida Odda Rutebuss AS
 

 







 

 Historia frå 1924
 til 1979
 

 Historia frå 1980
 

 Historia om godsbil

 

Sist endra:
02.03.09


Historia frå 1924 til 1979:

Odda Rutebuss A/L

Våren 1924, då vegen Odda -Tyssedal var ferdig, vart det sett igang bilrute mellom desse stadene. Det var Kristen Winterthun som gjorde opptaket til ruta. Sigurd Ystanes byrja som sjåfør, og gjekk saman med Winterthun i 1926 under namnet Winterthun og Ystanes. I 1925 fekk også Olav Hagen og Theodor Simonsen ruteløyve til Tyssedal med namnet Hagens Rutebil. I 1948 gjekk desse laga saman til eitt billag, som då vart heitande Odda Rutebuss A/L. Sigurd Ystanes vart tilsett som disponent.

I 1929 vart det sett igang ruter til Eitrheim, og i 1948 til Vasstun - Eidesmoen.

Dei første bilane brukte karbidgass til lyktene. Ein boks med vatn og karbid var plassert på det eine stigbrettet. Det var just ikkje noko påliteleg ljoskjelda. Om vinteren kunne vatnet frysa, og rett som det var kunne det koma rusk i brennaren. Sjølvstartar fanst ikkje. Motoren måtte startast med handsveiv. Dette var ikkje alltid så liketil på kalde vinterdagar når olja stivna til. Det var ikkje snakk om lettflytande heilårsoljer i dei dagar. Bilane hadde faste felgar, slik at ved pålegg av dekk, eller omlegg ved punktering, måtte arbeidet med dette føregå medan hjulet sto fast på bilen. Det måtte pumpast med handmakt, opp til 90 pund. Det heile var litt av ein jobb. - Var det nedbør, regn eller snø var det å slå opp ei kalesje. Etter ei tid vart bilane utstyrde med sidegardiner av imitert skinn, med "glas" av celluloid. Sjaltestang og handbrems fanst på utsida av karosseriet, og der måtte det vera ei større opning for å koma til desse apparata. Her kom det inn rikeleg med frisk luft.

Det var stor stas då vi 1.mai 1926 kunne ta i bruk ein 14 setars Chevrolet, med elektrisk ljos og sjølvstartar, og med felgar som kunne takast av hjulet.

Trafikken tok seg opp litt etter litt, og det vart etter kvart sett inn større bilar, 12- til 14- setarar, 18- til 24- pluss 3 - 4 ståplassar. Prisar frå kr 8.000,- til kr 26.000,-. Dei siste var 2 av merket Reo i 1935. Desse måtte gjera teneste fram til, og under heile krigen, og endå ei god stund etterpå. Først i 1947 kom det til 2 nye Volvo à 34 sete og 6 ståplassar. Desse kosta i overkant av kr 60.000,-. På denne tida har billaget 10 bussar, der av ein som går under navmnet "minibuss" med 28 sete og 6 ståplassar. Denne vart betalt med kr 275.000,-. Den siste av større format, inntil 65 personar, kom på noko over kr 300.000,-. Det er eit langt steg frå kr 8.000,- i 1926 til kr 300.000,- i 1976. Skilnaden på "standard" er sjølvsagt så stor at det vanskeleg kan samanliknast, men det seier vel likevel litt om kroneverdet i dag.

Under krigen var det deit slit å halda trafikken i gang. Bensinen vart det slutt på. Ein fekk berre ha ein liten tank for hjelpestart. Det vart montert tregass-generatorar på bussane, med oreknott som brensel. Det var vanskeleg å få tak i delar og rekvisita, og likeeins gummi. Denne var av klein kvalitet . Eit nytt dekk kunne ryka i filler etter få dagar. Ofte var bussane overlasta, og dette gjorde sitt til at det røynte hardt på gummien og materiellet i det heile. Ljoskastarane vart skjerma med ei maske med ei lita spalte på ca. 2 x 7 cm. Dette var alt av ljos ein hadde til å hjelpa seg med. Det var eit under at det gjekk så godt som det gjorde.

Etter sterk oppmoding frå folk busette i utkantane av Odda - "byen", vart det sett i gang med rutebil til desse stadene i 1976. Det var her minibussen vart sett inn. Dette er ein buss av merke Setra, med hekkmotor. Den tek seg godt fram i dei bratte bakkane i all slags føre. Den er innretta med god plass for barnevogner, og den er sett stor pris på, særleg av husmødre og pensjonistar. Men diverre, trafikkgrunnlaget svara ikkje på langt nær til det ein hadde venta. Drifta gjekk med stort underskott. Av dei reisande var på lag halvparten pensjonistar med honnøkort, og dette gav lite av seg i pengar. Frå og med 1. juni d.å. er bussen innstilt, og det vert vel spørsmål om økonomisk stønad dersom den skal koma i gang att.
I november 1958 gjekk det eit stort ras i fjellet sør for Tyssedal. ORB sette då, etter samråd med Odda Kommune og HSD, i gang båtrute til Tyssedal. Denne gjekk i om lag 2 månader, og resulterte i eit større driftsunderskot for ORB, då kommunen trekte seg frå alt ansvar, og HSD ytte berre ein liten "billighetserstatning". - Elles har trafikken til Tyssedal og Eitrheim hatt nokre kortare avbrot på grunn av flaumskade på vegane.
Etter raset på Tyssedalsvegen vart det sett i gang tunnelarbeid, og sidan har ein kunna ferdast trygt og godt på denne vegen.

Det er underleg å sjå tilbake på utviklinga i desse 54 åra frå 1924 til i dag. Til å byrja med kosta billetten til Tyssedal kr 1,-. Etter at det kom fart i drosjetrafikken, vart taksten nedsett til kr 0,75 for tur-retur. Ei drosje til Tyssedal kosta då kr 2,-. I 1958 var taksten til Tyssedal kr 0,60, til Eitrheim kr 0,50 og til Eidesmoen kr 0,40. I dag (1978) kr 3,50 til Tyssedal og kr 3,- til dei andre stadene (minstetakst). 

I 1924 var sjåførløna kr 250,- pr. månad. Mellom rutene var det å driva drosjetrafikk, gjerne til langt på natt, etter som det fall. Det var ikkje tale om overtidsbetaling, eller avtale om fridagar eller ferie. Under krigen, og ei tid etter, var månadsløna kr 400,-. I 1958-59 kr 800,- -900,-. Dette til samanlikning med idag, med månadsløn kr 5.000,- (lågløn) pluss 9,5% feriepengar, og i tillegg skal staten ha arbeidsgivaravgift med 14,3%. Til saman vert dette då kr 6.258,-. Frå 1924 til 1978 har lønskostnaden såleis gått opp 10 gonger meir enn billettaksten. 

Det kan ha interesse å sjå litt på andre kostnader: Reparasjonsarbeid var til å byrja med betalt med om lag kr 2,- for timen. Under krigen, og i 1945-46 kr 4,-. Sidan har timeprisen stadig gått oppover, og ligg i dag på kr 90,- i Odda, inkl. momsen. Av og til må vi til "merkeverkstaden" i Haugesund, og det kostar oss kr 123,- pr. time. Her er stigninga endå høgare enn lønskostnaden. 

ORB har idag (1978) 12 arbeidsplassar og eit par hjelpesjåførar på deltid. Laget har aldri hatt stønad av noko slag. Likevel har ein i alle tidlegare år halde billegare billettakstar enn dei fleste andre billag. Honnørbillettar vart innførde alt i 1960. Trafikken har i seinare år stadig gått nedover, takk vere den store "invasjonen" av privatbilar. P.g.a. rikeleg med pengar har ein inntrykk av at folk nyttar seg meir av drosjer enn tidlegare. Kollektivtrafikken er den tapande part i velstandssamfunnet.

Etter at det kom regulativ for skuleskyssen, har denne transporten gjeve eit visst overskott. Elles er det kontraktskøyring, arbeidsruter for verksemdene i Tyssedal og Eitrheim, og ein del turbilkøyring som har hjelpt til for å halda balanse i rekneskapen.

ORB har ikkje garasjeanlegg eller velferdsrom for dei tilsette. Dette skriv seg frå at ein til denne tid ikkje har kunna fått tomteplass i Odda. Etter fornya pågang på Odda Kommune har vi no von om at det kan koma til ei løysing på dette spårsmålet. 
Sigurd Ystanes tok til som sjåfør i 1924 som tidlegare nemt. Var medeigar og forretningsførar frå 1926, og disponent frå 1948 til idag (1979). No står ein Ystanes junior for tur til å overta.

Statistikken for Odda Rutebuss for åra 1970 til 1977, er ikkje serleg oppløftande. Utnyttings-
graden for materiellet har gått ned frå 22,7% i 1970 til 17,2% i 1977 for det som gjeld rutekøyring. For ekstrakøyring har utnyttingsgraden gått endå meir attende frå 36,5 til 21,4 prosent. Dette fortel at talet på reisande har gått mykje meir attende enn reduksjonen i køyrde kilometer. Rutene må oppretthaldast trass i at færre reiser med bussane. I 1970 vart det i rutekøyring køyrt 208.100 vognkilometer. Det er redusert til 189.384 i 1977. Men medan det i 1970 reiste vel 723.000 passasjerar med ruta, reiste det i 1977 berre knappe 440.000. På ekstrakøyring gjekk talet på vognkilometer opp frå vel 36.000 til vel 58.000, medan passasjertalet gjekk ned frå 131.000 til vel 89.000.

Konsesjonsområde: Odda - Tyssedal - 6 km. Odda Eitrheim - 5 km. Odda Eidesmoen - 3 km. Som prøveordning Eidesmoen - Jordal - Erreflot. Odda - Freim - Ragde - Tokheim. Dette er korte strekningar på 1 til 2 km. (minibussruter til utkantområde innan Odda kommune).

Styreformenn: 1954 - 59 Th.Simonsen
1969 - 71 Gilbert Winterthun
1972 - 75 Klara Andersen
1976 - 78 Th. Simonsen
Styremedlemmer 1979: Otto Christensen
Edel Mannsåker,
Per Ystanes,
Sigurd Ystanes (formann)
Dagleg leiar: 1948 - 30.09.79 - Sigurd Ystanes
Frå 01.10.79 - Per Ystanes 

Denne artikkelen vart skriven for jubileumsboka til Norsk Rutebileierforbund. Boka kom ut i 1979, og artikkelen vart skriven av Sigurd Ystanes.

 

[ Hovudside for Historie ] - [ Historia frå 1980 ]

 


Desse sidene er beskytta av lov om opphavsrett

Odda Rutebuss AS
Postboks 34
N-5751 ODDA
Telefon:
 Telefaks:
E-post:
(+47)  53 64 18 65
(+47)  53 64 23 91
post@odda-rutebuss.no